Av INGER GJESDAL
- Dette var utruleg gildt, og eg ante ingen ting. Eigentleg hadde eg tenkt meg til Rennesøy på paintball, men så fekk eg ikkje lov, smiler Kenneth Vold (17).
Han kan skilta med ei rekkje flotte plasseringar i vektlyfting og vart saman med Roy Kenneth Salte (15) og Jarleif Amdal (14) ropt opp på den provisoriske scenen på torget for å få overrekt bygda sin eigen heiderspris.
Fire verdige vinnarar
- Kvart år sender me førespurnad til lag, organisasjonar, foreningar og skular om dei kjenner til nokon dei meiner har gjort seg fortent til Vigrestad-stjerna. Frå Vigrestad IK fekk me tilsendt merittlistene til dei tre unge vektløftarane, Kenneth Vold (17), . Me såg kva dei hadde prestert og fann ut at dei i aller høgaste grad var kvalifiserte, seier leiar for stjernekomiteen, Arne Egil Søiland.
I tillegg vanka det Vigrestad-stjerne til eit anna idrettshåp med lokal røter, handballspelaren Monica Sandve. Flyttesjau og hardtrening gjorde det umuleg for henne å koma, og faren mottok stjerna for henne.
- Det vanlege er at de deler ut ei stjerne kvar gong, så slår de plutseleg til med fire stykkje? Kvifor?
- Når det gjeld vektløftargutane, var det rett og slett umuleg å velja ein av dei. Alle har stått for imponerande prestasjonar og vore med og sett Vigrestad på kartet. Og når det gjeld Monica Sandve sine prestasjonar, vil eg tru det ikkje er naudsynt med ekstra forklaringar i det heile, seier Søiland.
17. gongen
Vigrestaddagane fredag og laurdag var dei 17. i rekkja. Strålande ver gjorde også sitt til å senda dei høgt opp i rekkja av dei mest vellykka.
- Det har vore enormt med folk. Spesielt fredag var det ei fantastisk stemning på torget. Martin Våland avslutta programmet med å spela frå scenen, og folk sat rundt på torget og song for full hals. Eigentleg skulle alt vore slutt klokka ni om kvelden, men klokka blei iallfall halv ti før det roa seg, fortel Eirik Flåten.
Han har vore med og trekt i trådane under dei fleste Vigrestad-dagane og kan med rette kalla seg veteran.
- Vigrestad-dagane er noko me set pris på, både me som bur her i bygda og ikkje minst dei som har flytta ut. For mange er det årvisst at dei finn vegen heim desse dagane. Så er då også det sosiale og det gode drøset ein svært viktig del av programmet, smiler Eirik Flåten.
|